Notater |
- Frå Forsandboka bind 2 side 56:
Han reiste og Jellingsteinen. Ikkje lenge etter Harald Blåtann tok over makta i i riket sitt, gjekk han over til kristendommen, og tok til å kristna riket sitt. Då måtte foreldra hans få ein kristen kvilestad. Difor bygde han truleg ei trekyrkje og gravla dei i koret der. Det var truleg den første kyrkja i Danmark ca 960. Framfor kyrkja reiste Harald Blåtann den namngjetne Jelling--steinen. Det er ein stor flyttblokk eller kampestein som er pryda med bilete, slyngjande band og runer. På framsida står eit Kristusbilete, det første me har i Norden. Runeinnskrifta fortel at "Kong Harald reiste dette minnet om far sin Gorm og mor si Tyra. Det var den Harald som vann heile Danmark.... og Norge og kristna danene".
Harald Blåtann må ha vore ein stor konge. Det ser ut til at det meir var Harald enn mora Tyra som hadde æra for bygginga av Danevirke og trygginga av Danmark si grense mot sør. Og på ymse stader inne i Danmark har han bygd nokre merkelege sirkelrunde militærleger som me kallar Trelleborgar og som det finst fire av i Danmark. Han la visseleg grunnlaget for at sonen Svein Tjugeskjegg og sonesonen Knut den mektige kunne dra ut på slike store krigsferder til nabolanda frå eit trygt maktsentrum i Danmark. Se meir om dette i Magnus Magnusson sine bøker om vikingane.
|