| Notater |
- Min 2-tipp oldefar (ættefar til Valborg Omundsdatter frå Indre Molla)
Omund var fødd i 1823 på Indre Molla i Sauda, og vaks opp på husmannsplass der.
Då Omund flytta vestover til Fosen i Tysvær/Avaldsnes kring 1854 kunne han sjå tilbake på 8 generasjonar på Molla i Sauda. Han var den yngste av seks born til Omund og Valborg, og var kanskje den som hadde minst å få heime.
Omund Omundsen (1823-1901) vaks opp på husmannsplass på indre Molla, flytte til Fosen og me finn etterkomarane på Haugalandet og på Sola.
Omund Omundsen frå Indre Molla og Siri Eriksdatter frå Ytre Molla gifter seg i 1851, dei er 28 og 29 år gamle. Dei ser ut til å bu ei kort tid på Indre Molla, der dei får dattera Valborg, oppkalla etter farmora. Så reiser familien vestover.
Dei busetter seg på Våga på Fosen, på husmannsplassen Rossevik, heilt på sørspissen av Fosen. Dei har fått festesetel i 1854. Me finn dei der i 1855 då dei får ein son Erik, som vert oppkalla etter morfaren sin, men sonen døyr same året. Deretter får dei dottera Marta i 1857, oppkalla etter mormora og sonen Omund i 1860, oppkalla etter farfaren.
I folketellinga i 1865 finn me denne familien på Rossevik: Omund Omundsen, 42 år, Husmann med jord, kona Siri Eriksdatter, 43 år, og borna Omund 5 år, Valborg 14 år og Martha 9 år
I tillegg har dei ei tjenestepige med en datter: Johanne M. Omundsdatter, 41 år. Fødd i Gotlands prestegjeld (svensk?), og dattera til Johanne, Ane M. Pedersdatter, 3 år, fødd i Avaldsnes prestegjeld.
I folketellinga i 1875 er det kun to born på gården saman med foreldra. Ommund er 53 år og hans andre kone Anne Knutsdatter er 47 år. Dei eldste borna er flytta ut. To halvbrør er heime. Omund, sonen etter Siri er heime og hjelper til på garden 15 år gamal. Knut Severin, sonen med andre kona Anne er 8 år.
I folketellinga 1891
Det er mange etterkommarar etter desse som ber namnet Valborg (Valette?) og Omund.
Valborg Larsdatter (1784-1831) vaks opp og budde på husmannsplass på indre Molla
Lars Knutsen (1747-1813), vaks opp og budde på Indre Molla
Valborg Larsdatter (1725-1814), vaks opp og budde på Indre Molla
Lars Ormsen (1699-1763), vaks opp og budde på Indre Molla
Orm Larsen (1663-1721), vaks opp og budde på Indre Molla (kona Inger Ingemundsdatter Grov)
Lars Ormsen (1625-), vaks opp på Ytre Molla og budde på Indre Molla
Orm Ingemundsen (1600-1660), budde på Ytre Molla
Kjøpte Haukås bruk 3+4 i 1906??
|