| Notater |
- Min 8-tipp oldefar (ættefar til Valborg Omundsdatter frå Indre Molla)
Hadle Torbjørnsen og Ingrid Torkjellsdatterbudde på Vandvik i Hylsfjorden i Sand kommune. I Ætt og Heim 2000 har Arnvid Lillehammer skrive ein større artikkel om kven dei kan ha vore og etterkomarane deira.
Hadle Torbjørnsen er første gong nemnd i ei skatteliste frå 1612. Han hadde bygsla garden Vandvik av manne til stemora, Hallvard Trulsen, hausten året før. Bygselbrevet var dagsett 19. november 1611. Hadle fekk tak i denne garden på Vandvik ved å gifta seg med Ingrid Torkjellsdatter. Hadle er nemnd å selge trelast til ein skotteskipper første gang i april 1613. Hadle dreiv etterkvart stor tømmerhandel. I 1614 skatta framleis Hadle som leiglending på Vandvik, men i 1617 vert han skatta som jordeigande bonde, og då i den høgaste skatteklassen. Det vil sei at han eigde meir enn to "laupar smør" med jordegods som han sjølv ikkje brukte. Hadle og stefaren til kona hans - Hallvard Trulsen - var dei einaste i Sand som skatta av jordegos i 1617.
Hadle er siste gong nemnd i skattelistene i 1643. Året etter, i 1644, skattar enka Ingrid av jordegodset.
På tinget 13. november 1621 er det sak mot Hadle. Det er svigerson til ein annan Torbjørn som hadde deler av Vandvik. Svigersonen Kristoffer Henriksen som er gift med Gunnhild Torbjørnsdatter ønskjer å ta garden i bruk, men han taper saka. Det er etter dette fleire saker mellom desse familiane om retten til å drive og bu på Vandvik. Ei sak 23. november 1622. Og ny sak 4. desember 1626.
Hadle og Ingrid hadde Indre Vandvik frå 1611 til 1637. I fleire rettsaker i 1635 prøvde Hadle å få bygselsrett også til Ytre Vandvik. I sak 26. april 1636. Hadle tapte saka mot Stein Jørgensen som dreiv Ytre Vandvik, men fekk likevel overta bygselen i 1637, og har begge gardane i 1642. Han døyr ett eller to år etter dette. Då fortsett enka, Ingrid, med bygselen, og sonen Daniel kjem inn på Ytre Vandvik. Ingrid skatter av jordegods til og med 1652. Året etter døyr ho truleg.
Ingrid og Hadle høyrde til "bondeadelen" i Ryfylke. Det må ha vore velstand i stova deira, grunna på jordegods og husdyrhald, men også sagbruk og trelasthandel. Hadle var ein av dei styore i trelasthandelen i Sauda skipreide. Han handla med framande skiprar nesten kvart år frå 1613 og utover, først og fremst med skottar. Mellom anna i 1617 eigde han i den eine Bjerga-saga i Hylsfjorden. Hadle Torbjørnsen var og lensmann i 9 år, og mange av etterkommarane hans etter dette. Han er første gong nemnd som lensmann 29. juli 1635 og var lensmann til han døydde om lag 1643.
Frå skattelister i 1624 finn me kva jordegods han eigde (saman med stebroren Nils i Setesdal):
1 1/2 laup smør i Vandvik i Sand
1/2 laup smør i Ytre Bjerga i Sand
1/2 laup og 4 mark smør Eikesås i Sauda
1/2 laup og smør og 9 spann tak i Øye i Sauda
1 pund smør og 9 spann tak i Fløgstad i Sauda
1 pund smør i Kvame i Sauda
16 mark smør i Nedre Tveitane i Suldal
2 pund smør i Steine i Suldal
1 laup smør 4 spann korn i Mo i Sand
2 1/2 pund smør i Linvong i Sand
Dette var i all hovudsak jordegods han hadde fått rett til gjennom å gifta seg med Ingrid Torkjellsdatter.
På det meste, kring 1630, satt Hadle med eit samala jordegods på 10 laupar 16 merker smør, 4 spann korn og 3 vetter tak.
Ei kort tid, 1630-1632, hadde Hadle og Ingrid ein Børge Kristoffersen som dreng på Vandvik, han vart seinare ein av dei rikaste på heile Sør-Vestlandet. Dei hadde elles mange drengar til å hjelpa seg.
I 1621 er både Hadle Vandvik, naboen Stein Vandvik, og Jelsapresten Peder Henriksen, av dei 14 i ryfylke som vart innstemna av fire borgarar i Stavanger for ulovleg tømmerhandel og sagdrift. Det ser ut for at ryfylkingane vart frikjende i denne saka.
Hadle og Ingrid etterlot seg 4 søner og 3-4 døtre.
|