| Notater |
- 1865: Me finn Harald 3 år på Store Auklend (Store Ugland) i Høle, Sandnes kommune i 1865 saman med foreldrene, farmor og en tjenestepike.
1875: Me finn Harald 13 år på Store Auklend (Store Øgland) i Høle, Sandnes kommune i 1875 saman med foreldrene, og tre brødre.
1891: Me finn Harald 29 år registret i på Store Auklend (Store Ugland) i Høle, Sandnes kommune i 1891 saman med foreldra og to yngre brødre som erbeider heime på gården. Harald er ugift men det er vist til at han ikkje var heime her ved tellinga, men antatt oppholdssted er Nestun uldvarefabrikk ved Bergen
1894: I kirkeboka i Klepp ser me at Harald har først budd eit år i Bergen, og nå i 1894 flytter til Øksnevad på Klepp. Han arbeidde hos svograne Sven og Gabriel som dreiv Øksna bruk.
I 1901 byrja Harald K Øglend med eigen ullvarefabrikk i Frøylandsåna nede i Øykhagjen ved skifte mot Hommersåk.
Harald kjøpte kvernfall på Frøyland ved Hommersåk for 2.000,- kr av Elias Frøiland noko etter 1907. (I 1836 hadde haugianaren John Haugvaldstad starta ei stampe her - se bok om Riska side 191)
I 1920 er Harald og Marie Øglend registrert på gnr 38 bnr 18 - (eier av spinneri).
Harald vart enkemann i 1932, 69 år gamal. Han overlot ullvarefabrikken til Rudolf Nevland i 1949, då var Harald 86 år. Usikker på kor Harald budde dei siste to åra før han døydde, men det var i gamle Hetland kommune (i dag Sandnes).
Harald og Maria hadde ikkje barn.
Broren Martin Øglend var husmann på plassen Heiå (seinare bruk 8 og 10) under Hetland ved Hommersåk (Sandnes kommune).
Riska side 447:
Ullvarefabrikken
Oppe i Frøylandsånå hadde haugianarane på 1800-talet ei vadmålsstampe der dei behandla ulltøy. I vårt hundreår dreiv Harald Øglænd ein ullvarefabrikk i Øykhagjen. Han hadde vore i arbeid på ullvarefabrikken som svogeren hans hadde tatt til med på Øksnavad i Klepp. Så kom han til Frøyland i 1901 og begynte for seg sjølv. Til å begynne med leigde han ein del vassfall av Frøylandsbøndene, seinare kjøpte han dei. Han fekk og kjøpa ein tilgrensande parsell av Hommersåk. I 1902 fekk han reist fabrikkbygningen, og maskinane installerte han sjølv. Her dreiv han for det meste med spinning, men og ein del veving. Nokon storbedrift blei dette aldri, det gjekk mykje på leigespinning. Utanom han sjølv var her ein spinnemeister. I 1914 skriv M. A. Grude at "arbeidernes antall er i Regelen 7." Seinare var det tre fast tilsette i fleire år, og dessutan nokre tilfeldige. Oppføre ullvarefabrikken hadde Harald Øglend eit kvernhus der han mol korn for andre. Dette var ei gammal attåtnæring på Frøyland, og Harald Øglænd haldt på med det like til 1950.
|