| Notater |
- Karl Falkeid er fødd i Stavanger, men vart konfirmert i Tysvær i Tysvær kirke hausten 1891, 4. oktober. Lars er nok oppkalla etter farfaren Lars Olsen i Stavanger. Me veit at foreldra budde på Falkeid både i 1891 og 1900, så kanskje hadde han i underkant av 10 år i Stavanger og resten av oppveksten på Falkeid. Faren arbeidde mange år som sjømann, som matros. Han var truleg mykje borte, og kanskje budde mora Anne Helene/Helena og Karl då mykje på Falkeid, der ho hadde foreldra sine. I 1900 var mor registrert med namnet Helene Larsen, og var "bestyrerinne" på landhandelen deira i Groven, nede ved sjøen i Falkeid.
Falkeid var den desidert største garden i Falkeidbygda, ein gard med busetjing i fleire tusen år. Då Karl vart fødd i 1876 hadd drifta på garden vakse dei siste hundre åra, og frå fire like store gardsbruk på Falkeid (bruk 1, 3, 4, 5), vart desse delte og det vart etterkvart eit stort tal med husmannsplassar, fleire ved sjøen. Garden Falkeid ligg på vestsida av elva Årvik. Mormor og morfar til Karl Falkeid hadde husmannsplassen Groven (folketellingar 1865 og 1875), og dei neste to folketellingane finn me Karl's far og mor der, Helena Larsen som bestyrerinne av landhandelen på i 1900. Foreldra er 28 år og 18 år når dei får første guten som truleg er fødd i Stavanger, detter og Karl Falkeid tre år etter i 1876. Men 14 år gamal står Karl konfirmant i Tysvær kyrkja. Karl har to brødre ein tre år eldre og ein som er 12 år yngre.
Far til Karl, Teodor Larsen, var sjømann og matros. Far var gjerne ute å seilte frå nokre månadar opp til 18 månader. Fram til Karl var 19 år, hadde faren reist ut ni gonger og nok vore i hamner i mange land; Sverige, England, Østersjøen og Afrika mellom anna. Dei har nok og kunne spare jnoko pengar , då sonen Torbjørn kjøper husmannsplassen Snekkevik for 1000 kroner like ved i 1906, 18 år gamal.
Hverken Karl eller den eldre broren Lars ser ut til å ha valgt arbeid på sjøen. Broren Lars er registret som malar, og sementstøypar i Stavanger. Karl er i bakarlære i 1901, 25 år gamal. Mormor på Groven døydde i 1893 då Karl var 16 eller 17 år. Morfar var død før Karl vart fødd. Foreldra til faren budde truleg i Stavanger, farfaren også matros, men veit ikkje når dei døydde. Så Karl har truleg følt seg heime både på Falkeid og i Stavanger.
I 1906 kjøper broren til Karl Falkeid bruket Snekkevik under Årvik like ved Falkeid av Gurine Årvik for 1000 kroner. Det er ein tidlegare husmannsplas som det og har vore usemje om høyrde til Årvik eller Falkeid.
Det er og heilt naturleg at Karl og Lars tar namnet Falkeid, når namelova vedtatt i 1923 bestemmer at alle må velge eit slektsnamn. Den yngre broren er eigar av Snekkevik sidan 1906, og velger dette namnet. Han bur kanskje heller ikkje i Stavanger nokon periode. Torbjørn/Tom er nemnd med smie, som fiskar og gardbrukar og som maskinist. På eit tidspunkt skifter han til å bruke namnet Tom.
22.4.1897: "Min i Bækkegaden No 6 drevne Enforretning er tilflyttet M. Stangeland, Nytorvet No. 8. Maren Klingsheim" (Stavanger Aftenblad torsdag 22. april 1897)
I folketellinga i 1900 finn me både Karl og Maren på adressa Jorenholmen 4a. Der er to boenheter. Maren bur her som syerske med eigen forretning, saman med ei tjenestepige Karen Lea 19 år. Karl bur som bakarsvenn saman med bakeren. Bakerfamilien på 3 og seks i tillegg (baker Ludvig Ingebrigtsen)
Karl bur hos bakeran O Johnsen på same adresse i 1901 - Jorenholmen 4.
Karl finn me altså som bakarsvenn i Stavanger i 1901, 10 år etter konfirmasjonen. Han gifter seg med Maren Tollefsdatter frå Klingsheim, som er tante til min farfar Martin Klingsheim i 1901, i St Petri kyrkja i Stavanger I 1910 har Karl og Maren flytta til Rannebergveien i Stavanger.
1. januar 1904 finn me Karl Falkeid 27 år gamal og kona hans Maren som faddere til Dagny Klingsheim, datter av landhandler Torger Klingsheim og Berta Klingsheim i Sola kirke. Torger og Berta budde på Sømme.
I 1913 finn me Karl og Maren som faddere for Valette Klingsheim/Haukås som Maren er tante til - 15 juni 1913 i kyrkja på Sola/Håland. I 1913/1914 finn me Karl og Maren i Hjelmelandsgata 8. Karl er registrert som stentrykkerilærling i Hjelmelandsgata 8. Ei enke Marie Falkeid har kolonialforretning på same adresse, kanskje i slekt med Karl? (Adressekalender for Stavanger 1913/14).
I 1915 er Karl oppgitt å bu på Hinna i Stavanger, då han er fadder for onkelbarnet John Alfredsen,
I 1920 finn me Gunnhild nemnd første gong. Ho er då oppgitt som pleiedatter til Karl og Maren 22 år gamal. Karl 50 år arbeider som regningsbud ved Stavanger Elektrisitetsverk og Maren 42 år er husmor. Dei bur nå i Privatgaten 4 i sentrum i Stavanger.
I 1934/35 finn me dei framleis i Hjelmelandsgata 8. Karl er registrert regningsbud (Nymannsveien 47) i tillegg til stentrykker (Hjelmelandsgata 8). M.Falkeid med kolonialforretning er truleg enka Marie Falkeid nemnd i 1913/14 (Adressekalender for Stavanger 1934/35).
I 1936 døyr Karl Falkeid, og er då omtala som bakar. Bakeriet var i Horkloves gate ikkje langt frå det katolske sjukehuset der Martin Klingsheim arbeidde ei tid.
I 1941 døyr Maren. Pleiedatter (Gunhild) er ikkje heime ved gravferda, truleg er ho i Amerika. Alfred Klingshei har setyt inn dødsannonse 7. juni 1941.
Karl Falkeid var aktiv i indremisjonen, truleg som talar.
Så allereie som 2 år gamal i 1913 4 år gamal i 1915 ser me at Martin Klingsheim møter Karl og Maren Falkeid i 29. august 1915 i kyrkja på Sola. Åtte månader seinare døyr John, og Martin mister bror sin. Truleg er Karl, som då er 40 år, og Maren igjen her ved gravferda i april 1916. Ti år seinare er Martin i arbeid i det katolske sjukehuset i Stavanger, og har nok då ein del kontakt med onkelen Karl Falkeid.
Karl Falkeid var og fadder til Valette, søstera som Martin hadde eit nært og godt forhold til og som døydde av tuberkulose i 1939.
Karl ga ein spaserstav til Martin Klingsheim, som Arnold Klingsheim har overtatt. Han ga og Martin og ei bok om helse - "Min vand-kur" av Sebastian Kneipp. Karl var kanskje opptatt av å leva sundt, men dette var ei bok som var veldig populær i Noreg på den tida, Karl's bok er trykka i 1896.
Det er ein Karl Maselius Falkeid som dør 7 Des 1971 i Stavanger. Dette er ikkje same Karl Falkeid.
|