| Notater |
- Johannes på Haukås vart gift med to søstre av min farfar Martin Klingsheim. Han fekk kun omlag fire år saman med Valette før ho døydde i 1939. Johannes og Inga Klingsheim vart gift i 1943.
Johannes vaks opp på Haukås, yngst av sju søsken. Valette kom frå Klingshei på Sola, men hadde som ung arbeid som tjenestejente på Høyvik i Tysvær, ikkje langt frå Haukås.
Haukås bruk 4 vart samanføyd med bruk 3 i 1930 ved makeskifte. 'haukås bruk 3 var garden Johannes etterkvart overtok.
Me finn eit flott bilete i Tysværboka 1 (s. 78-79) frå når søstera til Johannes, Anna gifte seg i 1927 (1901-1981). Det er brurepar og gjester som går i land i Haukåsvågen etter å ha gifta seg i Tysvær-kyrkja 29. mai 1927. Johannes som då er 18 år er kanskje med på det bilete?
I Vestland Avis 8. november 1935 står det: "Forlovelse er inngått mellom frøken Valette Klingsheim, Sola, Jæren og hr. Johs. Haukås, Tysvær.". Dei gifte seg 22 august 1936 på Sola, og busette seg på Haukås.
Ekteskapet er til og med meld i avis i Iowa, den norske avisa Decorah-posten, 25 august 1936 side 5. Decorah Posten var en norsk-amerikansk ukeavis som ble utgitt i Decorah i Iowa i USA mellom 1874 og 1972.
"Gaardbruger Johannes O. Haukaas, Tysvær, og Valette Klingsheim, Sola, har indgaaet Ægteskab"
Valette døydde desverre allereie i 1939 utan born. Ho døydde av tuberkulose 27 mars 1939. Ho var på Tjelta då ho døydde. Kanskje hjå foreldra Alfred og Lise for å få pleie?
Johannes og Inga vart gift 21 april 1943 av Jæren sorenskriveri. Forloverar er Alfred Klingsheim og Magnus Arnulf Økland frå Tysvær (Tysvær kirkebok). Ut frå kyrkjeboka foregår vielser i desse krigsåra ikkje i kyrkja.
Saman får dei fem born frå 1944 til 1958. I tillegg har Inga eit born frå tidlegare som ho ikkje fekk behalda, og aldri fekk møte etter fødselen. Resten av familien møtte henne, Anne Lise Romsøe Landa, like etter Inga døydde i år 2000.
Johannes og Inga budde på Haukås heile sitt liv. Johannes døydde først, i 1986, medan då Inga døydde i år 2000.
Inga er og mor til Anne Lise Romsøe Landa som vaks opp i Stavanger hjå ein urmaker trur eg. Anne Lise bur saman med Sigmund Landa på Jørpeland, Strand kommune gnr 42 bruk 190 (Snapnesvegen 12A).
|