| Notater |
- Nils vaks opp på Kallakodt hjå foreldra sine der. Lisa voks opp hjå onkel Andreas og tante Serine på Petraplasset under Lindanger
5 Jun 1911 er Nils og Lisa i Stavanger. Dei er faddere til Anny Hansen, datter av Lisas søster Karen Hansen, gift med Ole Hansen (frå Møre og Romsdal).
14. desember same året (1911) gifter dei seg i St Petri-kirken i Stavanger.
Skogøy, bruk nr. 3 på Hundsnes blei frådelt i 1913 med skyld på 70 øre. Nils kjøpte bruket av Tormod Guttormsen 17. mars 1914 for 3.500 kr. Lån av Den norske Arbeiderbank og Boligbank på 2.000,- kr. Nils Skogøy hadde og rettar i Svinalielva til å drive sag. Skylddeling i Pantebok frå 22.5.1934). Dette var skild ut som eige bruk under Hundsnes - Gnr 35 bnr 12 navnsett il Svinelidselven I, skyld 12 øre. Skøyte fra S Gramstad og hustru Agnes Gramstad for 100,- kr. datert 9 Aug 1934. Tinglyst 27 Aug 1934 (44-154).
Pantergister (Hundsnes bruk 3,
Nils tok navnet Skogøy då han flytta dit. Eigentleg heitte øya Treløy og det fortel nok noko om kva øya tidlegare har vore bruka til.
Nils står nevnt vedhugger i Folketelling 1900. Nils arbeidde mykje på saga i Romselandsvågen ved Svinali.
Før han overtok saga, hadde han vore med Sven Undheim frå Jæren og jobba på saga (Tysvær 2 side 43, Hundsnes nr.74. Sagbruksbestyrer i 1900). Nils leigde plassen av Svinelid og Hundsnes, men kjøpte rettighetene i år 1934.
Artikkel i Stavanger Aftenblad 11. desember 1936 då Nils døydde ved ei ulykke på saga på Svineli.
Nils hadde mange trelastforretninger på Haugalandet, og var ei tid med i kommunestyret/herredstyret i Tysvær.
Lisa fekk skøyte på Strannå bruk 22 i Nedstrand i 1947 (Skøyte, 6000,- kr). Kari Rossemyr var hjelp heime hjå Lisa heilt til Lisa døydde jula i 1977 (Kari f.26.9.1891, d.24.10.1989, Gravstein Tysvær kirke).
Somme netter overnatta Nils på saga, men ein gong han ville tilbake til Skogøy for å nå eit møte med Frelsesarmeen på Hundsnes vart det så mykje vind fra sør at han måtte ta
inn til Straumen istadenfor og han kom for seint til møte. Det syntest han ikkje var noko kjekt. Når Nils reiste bort gjemte alltid Lisa seglet til ein båt i sengja så ikkje ungane skulle leike på sjøen, men Knut og Andreas viste
godt kor det var og drog det fort fram når Nils var reist. Lisa meinte båten Skogøy eigentleg heitte Bjørn og ho kalla han det medan alle andre sa Skogøy. Det meinte ho av di ho fann ein vimpel framme i båten der det sto Bjørn, og dette måtte vera namnet på båten (AJK).
Lisa var veldig redd i torever, dottera tante Ane likeså. Lisa gøymde alt som var blankt når toreveret kom. Ei smørklokke med sølvlokk som stod på kommoden la ho alltid eit tørkle over. Lisa og Nils hadde hverken TV eller radio, men Eriksen som hadde ei hytte i nærleiken hadde batteriradio, og der for Lisa ofte på søndagen for å høyre gudstenesta, og då tok ho helst på seg finkleda.
Nils og Lisa krangla sjeldan. Ein gong dei skulle selja ei ku var dei derimot ueinige. Den gamle svarte kua meinte Lisa. Nei, sa Nils, ikkje den som har gitt oss så mykje melk. Men det var før det, og Lisa fekk viljen sin den
gongen. Ein annan gong var dei i Haugesund og handla og Lisa sa at det perlebåndet til tante Ane kunne dei venta med, men då ville Nils dei skulle gjera det no, og det vart han som fekk viljen sin.
Nils drukna på saga i 10 desember 1936 ("drukning ved ulykkestilfelle" i kyrkjeboka). Lisa budde etter det på Skogøy fram til mora hennar på Strannå døydde i 1946, ho flytta då dit og levde til 24 desember 1977. Kari Rossemyr var hushjelp hjå henne der. Ho døydde i 1989.
Til Amerika!, ein bror av Nils og fire søsken av Lisa:
Nils og Lisa vaks opp med mange rundt seg som reiste til Amerika. Nils arbeidde hardt på saga i Romsalandsvågen ved Svinali og dreiv også fiske slik at dei klarte seg greit på Skogøy. Ingen av borna deira reiste heller til Amerika.
Mange rundt dei utvandra til Amerika då den tidlege utvandringa frå Tysvær, særleg etter 1836 (Kleng Peerson 1825) kom frå bygdene heromkring: Klungtveit, Slogvik, Heskja, Hesthammar, og Nedstrand og Tysvær elles.
Den næraste til Nils var broren Knut Knutsen Kallicot f.1877 som reiste til Amerika i 1900 saman med kona si Serina. Då var Nils 14 år, Knut som reiste 23 år.
Av Nils sine 6 onklar og tanter på faren si side (Knuts søsken) var det kun Daniel f.1837 og kona Johanna Norbø som utvandra. Dei reiste alt i 1860 før Nils Skogøy var fødd. Men mange av borna i 2 av desse familiane reiste.
Hjå onkel Nils og tante Dorte (Klungtveit bruk 3) utvandra 4 av 7 born; Børre 21 år i 1881, Dorte ca 22 år i 1881/82, Nils ca 18 år i 1881/83, og Sivert Olaus ca 31 år i 1899.
Hjå tante Brita og onkel Adrian (Klungtveit bruk 1) utvandra 2 av 4 born, men ein kom arttende etter nokre år; Ola Andreas 17 år i 1890 flytte heim att etter nokre år, og Daniel 23 år i 1892 som vart verande i Amerika.
Alle desse utvandra frå Klungtveit-område. I åra som følgde 1900 - 1910/1920, reiste endå fleire slektningar av faren Knut Danielsen også etter desse som er nemnd her. Så Nils har vakse opp med å sjå mange av sine slektningar reisa ut. Årsaka til dei reiste er nok individuelle. Drømmen om Amerika er eit godt motiv, for ein hølyrde om moglegheitene, særleg til å få billeg jordbruksjord. Det var og slektningar som ein kunne finne tilhøyre sjølv så langt borte frå Tysvær. Ein del av dei som reiste tidleg var det mykje av religiøse grunar og, for å vere fri frå myndigheitene og kyrkja som hadde grenser for kva som var greit. Fattigdom kunne og drive ein av garde, men ein måtte skaffe pengar til reisebiletten.
Kvar busette dei seg? Broren Knut og Serina Kallicot busette seg i Everett, snohomish County ved Seattle, Washington State. Onkel Knut døydde 47 år gamal i 1924 av eit lynnedslag, Nils Skogøy var då 38 år gamal. Me finn mange etterkommarar etter Knut og Serina i Washington.
Onkel Daniel Danielsen Klungtveit, tok namnet Dan Twait i Amerika, reiste alt i 1860 busette seg i Seneca, Illionois. .I 1867 finn me han i La Salle County som Kleng Person la grunnen til, med kona Johanna Norby og ein son Cornelius Twait. I 1888 har Dan og Johanna Twait fått 11 born! Borna busetter seg i Illinois og Iowa.
søskenbarn Børre Andreas (Ben) 21 år Twait reiste ca 1881. Busett: Winnebago County, Iowa
søskenbarn Dorte ca 22 år i 1881/82 - Busett: Minnesota
søskenbarn Nils Twait reiste ca 18 år i 1881/83 - Busett: Hamilton Couty, Iowa / Jackson County Minnesota og fleire stader
søskenbarn Sivert Olaus (Severt) Twait reiste ca 31 år i 1899 - Busett: LaSalle County/Kendall County i Illinois
søskenbarn Daniel 23 år reiste i 1892 .Busett: ??
Mange søskenbarn av Nils valgte og å emigrera til Amerika. Det kan ha vore litt eventyrlyst, drive av tronge kår i Tysvær, og kanskje frista Amerika-breva med skildringar om korleis det var over der på andre sida av Atlanteren. Ein av dei som hadde påverka mange til å reisa til Amerika var Knud Andersen Slogvik frå nabogarden, som var heime i 1834 og skapa då ein stor Amerika-feber i mange år. Frå 1875 var det og berre damskip som vart nytta til Amerika, og ikkje lenger seilskip som var det mest vanlege i 1870.
Så til Lisa sin familie. Her var det mange nære slektningar som reiste ut.
Det er også nemnd at foreldra til Lisa, Knut og Anik på Kallekodt reiste til Amerika, men dei fleste meiner dette ikkje var tilfelle.
Av 8 søsken til Lisa reiste 4 til Amerika. Ho vaks opp hjå onkel Andreas og tante Serine på Petraplasset under Lindanger, men søskna var likevel nær familie, og som då reiste frå Baustad ved Nedstrand til Amerika.
Peder Johan (John Bustad) reiste 17 år gamal i 1896. 'Margrete Bustad (Ohme) 18 år gamal i 1902. Marta ca 15 år i 1908. Jakob 16 år i 1911. Sonen til Jakob - Jake Bustad f. 1928, saman med kona Thelma Bustad besøkte søskenbarnet
Jakob Skogøy ca. 1972.
Me kan finne ein del om desse søskena i boka om Nerstrandslaget.
- Broren John Bustad etablerte seg i Lake Park i Iowa, flytte videre nordvest, og me finn gravsteinen i Lyon County i Minnesota.
- Søstera Margrethe gifte seg Ohme, busette seg i Ocheyedan, Osceola County, Iowa, gravlagd der. 1955. Etterkommere etter henne der i Ocheyedan, og elles i Iowa.
- Søstera Marta Severine gift (Ernest R) Evans, andre gang gift (John) Rise, busett i Paullina i Iowa. var busett i Minneapolis - Hennepin, Minnesota
- Broren Jakob Bustad, reiste 1927 Busette seg i Sibley, Iowa. Var hjemme i Tysvær i 1956 (Stavanger Aftenblad 16 Mai 1956)
Så etter besteforeldra til Nils Skogøy og Lisa Skogøy er det kanskje fleire etterkomarar i Amerika enn i Noreg!
Elles og ei rekke onklar, tanter og søskenbarn av Lisa som utvandra!
|