| Notater |
- Marta var søster til Lisa, mi oldemor. Dei var ni søsken og alle unntatt Lisa vaks opp på Baustad i Nedstrand. Lisa som var tre år eldre enn Marta fekk vokse opp hjå onkel og tante på Kreppene. Marta emigrerte allerie då ho var kring 15 år i 1908. Eldste broren John Bustad hadde då allereie budd i USA i 12 år (1896) og storesøstera Margrete i 4 år (emigrert 1904).
Marta kom til USA 15.juni 1908 (ref Nerstrandslaget). Marta vart gift 17 månader etter ankomst til Amerika, 1 Des 1909 med Ernest R Evans truleg i Sioux City vest i Iowa (Woodbury County). Dette er 12 mil vest for Lake Park der broren John Bustad truleg budde.
Marta budde først ei tid i Paullina i Iowa, kanskje og saman med Ernest R Evans. Martha og Ernest fekk tre born, der me finn kun to av dei 1920.
Marta gifter seg att i 1916 med John Rice fødd i Orkdal ved Trondheim. Eg finn ikkje første mannen hennar Ernest R Evans eller dattera deira Gertha i 1920. Kan dei begge vera døde før 1920?
Så ein gong mellom 1912 og 1916 flytter Marta frå vest i Iowa til Minneapolis i Minnesota, og gifter seg der i 1916.
I 1920 finn me Marta Rice med sin ektemann nummer to - John Rice i Minneapolis i Minnesota, adresse 1920: 102 E. 25th Street, Minneapolis, Minnesota. Saman med dei bur og hennar to barn frå forrige ekteskap; Dorothy Evans 9 år og Armond R Evans 7 år. Me finn ikkje Gertha Caroline her, kanskje død før 1920? I Nerstrandslaget vises det og til at dei to barna etterkvart nyttar etternamnet til stefaren - Rice. I folketellinga 1920 er det først skrive at etternavn er same som foreldra - Rice, men deretter skrive Evans på Dorothy, slik at dette gjeld for begge barna.
John Rice er så ikkje saman med Marta og borna lenger i 1930. Er han død eller har dei skilt lag? Ein John Rice 42 år i folketellinga 1930 og død 1969 i Ramsey County i Minnesota kan vera same John Rice (Findagrave id 52172243, f. 24 Mar 1888 - d. 9 Mar 1969).
Marta gifter seg så med barberar Frank Fred Heins frå South Dakota i 1928 (forrige mannen hennar etablerer kanskje ny familie att i Minneapolis, sjå nedanfor). Marta og Frank bur i Minneapolis i 1930, men i 1935 finn me dei i South Dakota, i Waubay i Day County der han og driv barbersalong. Foreldra hans døyr i løpet av dei neste åra 76 år og 86 år gamle. Kor mykje kontakt har Marta med sin familie? Eg finn ikkje noko nemnd om det nokon stad. I 1935 har Frank Heins skrive at han har budd 31 av 43 år i South Dakota.
I 1938 døydde Marta om eg ikkje tar feil. Me finn gravstein etter henne i Osceola County i Iowa. Ho fekk då truleg 10 år saman med barberaren Frank Fred Hein i Minneapolis, MN og Waubay, SD.
Dette må vera Marta - grandtante til min morfar Jakob Skogøy fordi ho er gravlagd i County der to søsken bur med sine familiar Jake og Margaret og mange slektningar er gravlagd. Gravsteinen har og namnet Hein etter siste ektemannen. Marta hadde heller ingen born med siste ektemannen som ho truleg budde saman med i South Dakota då ho døydde. Dei hadde barna Dorothy og Armand, kan tenkast dei begge budde i Minnesota i 1938. I Osceola County budde då ut frå folketelling 1940, broren til Marta, Jake Bustad med kona Johanna Bustad, og seks born (familien Jake hadde og budd i South Dakota ei tid, ihvertfall i 1924 og 1925, om lag 10 mil frå der Marta og Frank budde seinare i Waubay (Clear Lake, Deuel County). Den ni år eldre storesøstera til Marta, Margaret Bustad Ohme er og gravlagd i Osceola County i 1955, men på ein annan gravplass.
Me finn gravstein etter Frank Fred Heins i South Dakota nær hans familie, gravlagd i 1962, Huron i Beadle County. Han budde den siste tida hjå søstera.
Eit meir usannsynleg scenario er at Marta Severine Bustad med familienamnet Evans vart gravlagd i Minneapolis i 1949, i tilfelle vart ho 55 år. I tilfelle gravlagd der sonen Armond Roy Evans held til - han var då 37 år, og at dei då nyttar familienamnet Evans på grava hennar. Kanskje var ho her i Minneapolis den siste tida ho hadde?
Litt anna om dei tre mennene:
John Rice. I 1930 finn me John Rice saman med Blanche Thereaux Rice og tre stebarn og John's svigerfar - Minneapolis - Hennepin i Minnesota (ref Marit Lackner).
- gift med Blanche Theraux Rice (Findagrave id 52172264) f. 1897 d 1989 Saint Margaret Cemetery, Minnetonka, Hennepin County, MN, USA
Folketellinga 1930: 4th street, house no. 1411 (dwelling no. 23, family no. 44, byområde). John eier huset selv, verdisetting 3000 dollar. Johns første ektskap oppgitt til ved 28 års alder (1916). Blanches første ekskap ved 18 års alder (1913)
John oppgitt som painter/interør-decoration, ikke noe profesjon oppgitt for Blanche.
Sammen med John og Blanche bor faren hennes, enkemann Oliver T Thereaux (født i fransk Canada) 57 år (f. 1873), pluss hennar tre barn som alle er fødde i Minnesota:
- Robert J Bennis 14 år (f.1916), Richard C Bennis 10 år (f. 1920) og Katherine B Bennis 8 år (f. 1922).
1940: www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:KSK2-11H
Adresse: Minnesota, Hennepin, Minneapolis City, Minneapolis, Ward 8 - Block 7 - Hennepin Avenue South, no 3047, leier huset (var selveier i 1930). Oppgitt arbeid Painter/building construction. 34 timers arbeidsuke og årslønn på 1500 dollar. For Richard Bemis - Repair man/typewriter in repair company 52 timer i uka. 760 dollar i årslønn.
- John Rice 52 år , Blanche Rice 43 år og sønnen hennar Richard Bemis 20 år
Marta's tredje mann, Frank F Hein, Daily Plainsman Newspaper, Huron, SD- 11/30/1962 (Findagrave):
Funeral services are scheduled Saturday at 2:30 p.m. at the Welter Funeral Home for Frank F. Hein, 70, who died Wednesday. The Rev. Rev. John Davey will officiate. Burial will be in the Riverside Cemetery.
Pallbearers will be Myron Burger, Sheldon Hein, Maynard Wormstadt, nephews, Jim Shocker and Arnold Gleason, both of Summit and George Havens, Huron.
Friends may call Friday afternoon or evening at the funeral home. Hein was born March 25, 1892, son of August C. and Augusta Gribner Hein at Esmond. He farmed in Pearl Creek Township and in 1927 he was graduated from barber college in Minneapolis. He married Martha Bustad in 1928 and they resided in Waubay where he operated a barber shop until 1941. They moved to Summit where they operated a ranch until recently because of his health he made home with his sister, Mrs. Albert Wormstadt, Huron. He was a veteran of World War I and a member of the American Legion Post at Ortley. Survivors include one brother, H.P. Hein, Huron; four sisters, Mrs. Albert Wormstadt, Huron, Mrs. Anna Burger, Mrs. Dorothy Fenner, all of Huron, and Mrs. George G. Montgomery, Cavour.
He was preceded in death by his wife and his parents.
I 1913 er det ein spennande notis i Devils Lake Weekly om norsk industri.
(https://no.geneanet.org/fonds/bibliotheque/?go=1&lang=no&nom=bustad&page=1&size=40)
En annen notis s.2 "Norway is to have one of the world's greatest hydroelectric plants, developing 216.000 horsepower".
|