| Notater |
- Ogmund Finnsen av Hesebø Isse og Talgje.
Ogmund eigde og godsa på Isse og Talgje. Me veit ikkje sikkert korleis han fekk tak i dei to godsa, men farfaren Ogmund Sigurdsen på Hesbø hadde vore gift med Eyvor Gautesdatter frå Talgje, så arvekrav hadda han (Sigleif Engen / Forsandboka bd 2).
Ogmund vart i moden alder gift med stormannsdatter frå Sverige Katarina Knutsdatter, og ho fekk med seg pengar då ho gifta seg, ei medgift på 100 lødige mark.
Ogmund og Katarina hadde ingen born sjølv. Borna til søstera Ramborg Knutsdatter arva etter henne.
Sjå Lagmannbrevet frå 1408 i tekst om Ramborg og mannen til Ramborg.
Elles har Halvard Bjørkvik skrive ein artikkel om arven etter Ogmund Finnsen til Hesbø i Ætt og Heim 2001 s. 7 - 34. Her finn ein mykje om slekta til Ogmund.
|