| Notater |
- Torborg veks opp på husmannsplassen Gjertholen under Voll i Hå kommune.
Fødsel og konfirmasjon finn eg ikkje i kyrkjeboka, truleg på grunn av at det fell mellom kyrkjebøker og notert i dagbøker annan stad.
Torborg vert med barn med Rasmus Rasmussen , min tippoldefar, i 1857, utanfor ekteskap. Torborg er omlag 33 år. Rasmus er 23 år.
Åtte år seinare finn eg Torborg Marie Nilsdatter 40 år og dottera Marie Rasmusdatter på Bratland i Hå kommune (folketellinga 1865, Hå prestegjeld) (https://media.digitalarkivet.no/view/38202/76)
På Bratland bur dei hjå Johannes Ellingsen 37 år og hans far Elling Svendsen 81 år, og to tjenestejenter. Torborg og Johannes deler arbeidet på garden, men er ikkje gift. Johannes var barnlaus enkemann frå eit kort ekteskap
(Johannes Ellingsen har gifta seg 3 november 1859 med Elen Olsdatter Sør-Varhaug (f. 8 november 1819 Sør-Varthaug nr 70e). Dei får ein dødfødt gut i 1861. Elen Olsdatter døyr 1 oktober 1865 (Bratland nr 20, Varhaug/Hå)
- https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000007329001, https://media.digitalarkivet.no/view/6285/250).
Ti år seinare, i 1875, er Johannes Ellingsen folgemand på Bratland, hjå gardbrukarparet Svend Svensen 42 år og Rakel Olsdatter 32 år. Torborg 51 år, er då i 1875 losjerande litt lenger sør på Næsheim i Nærbø sokn, saman med husmor Anne Johanne Ommundsdatter 88 år gamal, Dottera Maria Rasmusdatter, 17 år, finn me ikkje her, men ho gifter seg fire år seinare på Varhaug.
- https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052243000048
16 år seinare, 67 år gamal bur Torborg som føderådsenke hjå dattera Maria Rasmusdatter og mannen Ådne Kristiansen på Nord-Tjemsland bruk 1, Hå kommune, då registrert som enke (folketellinga 1891).
I Hå gard og ætt 2 (Voll 65i) er ho oppgitt død på Skrettingland 25 juni 1895, og som ugift.
I folketellinga frå 1891 er det først avmerka ugift, men deretter korrigert til enke - føderådsenke tilhøyrande familien, og omlag 67 år. Kanskje var det hyggelegare å verta registrert som gift, når hu budde hjå dattera og svigersonen på Tjemsland.
|