| Notater |
- Enok og Anna Maria er foreldra til Rasmus Lerbrekk - min oldefar.
Enok var tredje sonen på garden på Hodne, bruk 5. Dei to eldre brørne etablerte seg andre stadar, så han fekk prøva seg på farsgarden først, kring 1847 då han vart gift. Han fekk skøyte allereie i 1846.
Anna frå Tu vert gift med Enok allereie i 1847, Anna er då 21 år. Ho er yngst av borna på Tu bruk 12(-1826)/Nord Braut bruk 1 (1826-1866) , ein syskenflokk på tre brødre og tre søstre som flytta til Nord Braut kring då ho vart fødd. Foreldre er Gabriel Jonsen og Anna Malena Olsdatter.
Enok og Anna, første kona, reiste tidleg frå garden og flytte til Sør-Varhaug i Hå kommune kring 1849, då kanskje berre med ei dotter. Dei vart tytuleg verande der resten av åra saman fram til 1861, då Anna døydde 36 år gamal.
Enok vart sittande som enkemann på Sær-Varhaug med sju born. I 1861 hadde han då truleg heime: Anna Kristina 13 år, Albret 11 år, Anna Malena 9 år, Gedine Jørgine 8 år, Anna 6 år, Elen 3 år, og Gabriel kun 19 dagar gamal då mora døydde.
Det er nok difor med stor glede han får seg ei ny kone 14 månader seinare, i desember 1862.
Neste kone er Anna Maria 22 år, ho er dotter til Rasmus på Kleppe bruk 16, ho er eldst av fem born, men yngre enn sine to halvsøsken, Inger og Rasmus heime på garden på Kleppe. Ho gifter seg med den 44 år gamle enkemann Enok på Sør-Varhaug. Enok og Anna Maria får 8 barn saman på Sær-Varhaug.
I folkemanntala 1875 og 1891 kan me finne Enok og Anna Maria på Sør-Varhaug.
I 1875 er dei 13 stk på garden. Foreldre og åtte born. I tillegg finn me ein familie på tre som losjerer hjå dei. Jernbanearbeider Søren Siversten 26 år, kona Ane Enoksdatter 19 år, og ei nyfødd datter Ane Sørensdatter
Barna er fire frå Enok's fyrste ekteskap. Me finn ikkje Anna Malena 23 år og Gedine Jørgine, som eventuelt er 23 og 22 år, kanskje tenestejenter på andre gardar, eller gift allerereie.
Dei fire neste borna er Maren 8 år, Gesine 6 år , Enevald 4 år og Rasmus 1 år. (dottera Berta 12 år er kanskje allereie ute i teneste. Ein son Rasmus f.1863 døydde 8 år gamal).
Etter 1875 får dei to søner til - Andreas i 1877 og Martin i 1880. Så det er mange å fø på garden på sør-Varhaug.
Me finn eit jordskiftekart frå 1889 som viser garden til Enok. Då var Enok 71 år, sonen Rasmus Lerbrekk 15 år bodde og her då (min oldefar).
Budde først ei tid på Hodne, men bytte så bruk med broren Jonas. (sjekk om eg har funne dette i Hå II Varhaug gardsbok?).
|