| Notater |
- Ommund, fødd 1860, vaks opp på husmannsplasen Rossavik under Våga som ligg på Fosen i Karmøy kommune. Han er bror til Valborg som flytte til Sola og blei mor til Lise Klingsheim. Omund O. Haukås kjøpte etterkvart både bruk 3 og 4 på Haukås. Først bruk 3 i 1891. Han er nemnd med begge bruka på Sommerting for Tysvær 11 jui 1900 (Tysvær Pantebok 13, s.1168). Bruk 3 og 4 vart slått saman i 1933 og benevnes etter det som Haukås bruk 3. I 1900 budde han og Anna her. Dei fødde og enka frå garden Berthe Nilsdatter og far til Omund, Ommund Ommundsen frå Molla i Sauda/Våga på Fosen. Dei hadde tre døtre Serine, Jenni og Olga, på høvesvis 6, 4 og 1 år. Etter dette miste dei ein son før han var eit år, medan tvillingsøstra Anna vaks opp, begge fødd 1901. Yngste dottera Otelia fekk dei i 1905, og einaste sonen Johannes i 1909.
Ved dåpen til dattera Jenny Martine i 1896 er det oppgitt at Daniel Kolbeinsen Løvøen er fadder og besteforeldre? Der ein Daniel Kolbeinsen fødd på Løvøen under Våga f. 1861, som busette seg på Våga bruk 3 og fekk 12 born der med Taletta Sesilie Monsdatter. Ein teori kan vera at Anna er deira datter men at Johannes og Marta tok seg av henne, men Daniel var kun 14 år då Anna er fødd?
Ommund er fadder 14 Apr 1901 i Tysvær kirke, Bertha Olava (foreldre bosatt på Haukås, Elias Olsen Haga og Serine Østensdatter)
Ommund og Anna var gardbrukarar på Haukås. Omund O Haukås døydde allereie 21 Sep 1910. Han var då 50 år, men kona Anne Haukås var berre 35, og yngste sonen under eit år. Anna Haukås var enke på Haukås 16 des 1912 (pantereg Haukås br 3). Ved skifte etter Ommund 15 Okt 1910 får Anna Johannesdatter Haukaas sitte vidare på garden i uskifta bo.
I folketellinga 1910 er både Berthe Nilsdatter (1840-11.8.1925) og Ommunds far frå Sauda/Fosen borte frå garden. Anna Haukås har då fem born å ta seg av; Martine 14 år, Olga 11 år, Anna 9 år, Otelia 5 år og Johannes 1 år. Eldste dottera (Serine) Omine Ommundsdatter, 16 år er då tenestejente på nabogarden bruk 6.
Inger Ådnesdatter fødd 1834, skild kone bur i 1900 hjå Anna Haukås. Fattigvesenet betaler for at ho skal bu på Haukås. Inger har vakse opp på husmannsplassen Kalvatre på Haukås, og gifte seg i 1866 i Tysvær kirke med Ole Bårdsen Høye, men Ole rømte tidlig til Amerika (folketelling 1891/1900/1910). Inger og Ole hadde ei datter Ane Helene Olsdatter f. 1868.
I folketellinga 1920:
- Enka Anna Ommundsen Haukås (45år) oppgitt som gardbrukar
- Otelia Amanda Ommundsen Haukås. 15 år. Husstellsarbeide hos si mor
- Johannes Ommundsen Haukås. 11 år.
- Berta Nilsen Haukås. (f 10.2.1838). 78 år. Fattiglem i forpleining
- Adolf Andersen Haukås (30 år, svigersønn til Anna)
- Jenny Martine Andersen Haukås (24 år, hustru til Adolf) med 2 barn
- Tomas Olai Andersen Haukås (1 år).
- Agnes Ommunda Andersen Haukås (0 år)
- Berger Emil Berntsen Haukås (ugift 26 år, søsterson til hovedperson Anna). Dagløner / gardsarbeide
Svigersonen Adolf Marcelius Andersen fekk skilt frå bruk 13 'Fjeldheim' i 1922, og Adolf og Martine Haukås budde der, etterkvart med 7 born.
I 1927 var Anna Haukås forlover til dattera Anna.
Tidleg i krigen, i 1941, vart mange eigedommar skilt frå dette bruket og bruk 10: Bruk 15 til dottera Serina Haukås, bruk 16 til dottera Anna Sørensen, bruk 17 til dottera Otelia Økland, bruk 19 (frå bruk 10) til dotter på bruk 10 - Oline Haukås, bruk 18 (frå bruk 10) til ??
Anna Haukås vart svært gamal og døydde, 94/95 år gamal i 1970.
|