| Notater |
- John J Bustad kom til Amerika i 1896, 18 eller 19 år gamal. Han var døypt Peder Johan, men i USA bruka han namnet John J. Bustad. Flere søsken kom nokre år seinare. Han vart gift i januar 1905 med Isabelle. Han 27 år og ho 18 år, og dei dreiv ein farm i Dickinson, Iowa. Garden var på 160 acres ifølge Nerstrandslaget (1920, medan barnebarnet Eleanor Wilcoxon Clauson fortel det var ein liten gard på 80 acres (i 1920 verd $140 per acre). Dette var heilt nord i Iowa ved grensa til Minnesota, også nær Lake Park, 80 mil vest for Chicago.
John kjøpte bruk 14 på Kleiberg i 1916 (7000 kr), men budde aldri der. Denne gården solgte han deretter til broren Ole Baustad. Fleire av søskena til John fulgte etter til USA.
- Søstera Margrete Baustad (Margrete Ohme / Margrete Kinney), 7 år yngre emigrerte 18 år gamal i 1902 og etablerte seg i Osceola County i Iowa som ligg 5 mil vest for Dickinson. Ho var ei tid i Allendorf, på slutten i Ocheyedan i Osceola County.
- Søstera Marta Severine Baustad (Marta Evans / Marta Rice / Marta Hein ), emigrerte i 1908 berre 15 år gamal. Ho var ei tid i Paullina i Iowa som ligg 10 mil nord for Dickinson, i 1920 og 1930 i Minneapolis i Minnesota, 30 mil nordaust for Dickinson.
- Broren Jake (Jakob) Baustad emigrerte og så snart han var gamal nok, 16 år gamal i 1911. Han flytte ein del rundt i område rundt der broren John var i Dickinson, budde og hjå han ei tid i 1920, mesteparten av tida berre nokre mil frå Dickinson - Jackson County (MN), Lake Park, Melvin og etter kvart Sibley
( I 1920 er Jake nemnd at han arbeidde med mais-hausting hjå broren John, og at han då reiste til søstera (Margrete) i Allendorf (The Park News 3 Mar 1921). I 1921 i Jackson County, Minnesota, I 1922 i Lake Park i Dickinson County Iowa. I 1925 i Clear Lake, Sør Dakota, I 1928 i Melvin, Osceola County. I 1956 i Sibley i Iowa.).
Det er tydeleg at John la grunnlaget for at fire av ni søsken emigrerte til USA. Der fekk han eigen jord og klarte seg truleg ganske godt, noko som og frista søskena.
Det gjekk jernbane frå Chicago ned til Ocheyedan/Sibley/Dickinson, som var svært nyttig på denne tida.
Isabelle Skogseide var frå Varaldsøy i Hardanger. Ho var i Noreg fleire gonger. I 1930, då ho var 43 år. Heimreisa gjekk med Stavangerfjord frå Bergen 17. Aug 1930 og ankomst New York 26 Aug 1930 (9 dagar berre?)
Ho var også i Noreg i 1956. Då var ho omlag 69 år. Då var eldste dottera med, Annie, om lag 50 år.
I folketelling 1910 finn me John og Isabella Bustad i Diamond Lake i Dickinson, med to døtre Annie og Dore, ei svigerinne Torborg lillesøster til Isabelle, 21 år, som er komen til Amerika året før (1909). I tillegg finn me i husstanden Ela Winsor ei kvinne "Boarder" 19 år født i Illinois. Ela er nemnd lærar på offentleg skule, Begge foreldra til Ela er fødd i Tyskland er det vist til.
I 1930 og 1940 finn me John og Isabelle med familie i Holy Township, Murray County, i Minnesota, 10 mil nord for Dickinson
John døydde i Arizona (Mesa, Maricopa County) i 1961, medan Isabelle døydde 77/78 år gamal i 1964 i Cottonwood County, Minnesota, USA. Dei er begge gravlagde i Minnesota - Lyon County, 6 mil nordaust for Holy Township i Murray (kanskje nokre av barna deira busette seg der?).
I "The Park News" finn me ei rekkje små oppslag om kva folk gjorde på. Det er oppslag 15 Jan 1920 om at John Bustad og familien flytter til garden som forlates av Lonnie Smith. Her kan me og sjå at John Bustad og James Skow kjører Ford automobiler i 1933.
Isabelle kom til New York med båten Stavangerfjord og med Bergensfjord, så truleg har han også vert heime etter han reiste.
Omtale på barnebarns Facebook Mars 2019:
Barbara Caluson: I'm speaking with my mother (Eleanor Wilcoxon Clauson), her grandfather is John Bustad. She said after he finished his chores he would sit on the front step, smoke a cigarette and play the accordion. He laughed a lot and he liked telling jokes. He had a small farm (80 acres) they raised grain and used horses to help with th crops/farming. Later on they bought a tractor. He loved to fish in northern Minnesota. They either came to our house or us to theirs every Sunday. We always shared a meal and it was usually chicken from the farm. They had many friends in Tracy, MN, 25 miles from our house. I spent a lot of time with them when I was young. I have many fun memories of my grandparents. One of his sisters and Jakob lived about 50 miles away in Iowa.
På baksiden av Dickinson-kart (1911 ligger liste over innbygger og noe reklame: http://www.historicmapworks.com/Atlas.php?cat=Directories&c=US&a=10144)
John Jakobson med gardsbruk her 1911, men dette er kanskje John Jakobsen Bustad - http://www.historicmapworks.com/Map/US/116178/Silver+Lake+Township++Lake+Park/Dickinson+County+1911/Iowa/
Se Oscar og James Bustad i Minnesota 1980 og 1986: www.historicmapworks.com/Map/US/624366/ og www.historicmapworks.com/Map/US/624632/
Tom Bustad i Iowa, Dallas County, 1985 - www.historicmapworks.com/Map/US/552212/
|