| Notater |
- Anders Tormodsen var einaste sonen etter Tormod og første kona Berta Larsdatter på Indre Nessa / Store Nessa. Han overtok heile garden på Indre Nessa, men og delar i Store Nessa. Han dreiv garden på Indre Nessa frå omlag 1701 ifølge mantall i 1718 til 1731.
Anders gifte seg 25 år gamal med Margreta Pedersdatter frå Store Nessa, og 25 år. Ho var av Koll-ætta. Så ektefellene var frå kvar si side av dei to slektene som sloss om rettane til Nessa gardane.
Anders og Margreta fekk 3 born. Anders ordna det med god gard til alle tre borna:
- Til den eldste Tormod Andersen (f.1704) kjøpte han halve garden på Vik i 1728 litt vest for Nessa ut mot Toftøysundet. Året etter gifta Tormod seg med dottera på gården Eli Olsdatter, og då faren hennar døydde ordna Anders Tormodsen betaling for resten av gården også til dei (1743). Eli var også barnebarnet til Ola Sandersen og Eli Olsdatter på Vik som hadde kosta bygging av ny kyrkje på Hinderåvåg, ferdig 1656.
- Dei to andre borna, Anders (f. 1711), og Peder (f. 1717) fekk kvar sin halvpart av Indre Nessa. Anders hadde då først vore gjennom ei sak om leiermål med Sissel Danielsdatter men vart frikjent (22 år gamal i 1733), deretter budde han som gift i 4 år hjå den eldre broren på Vik. Anders døydde etter 14 års ekteskap og faren tok i denne perioden tilbake skøyta ein periode (1731-1739). - Peder budde her på Indre Nessa til han var 40, då selde han til eit onkelbarn, og flytte først til Store Nessa (1757), deretter til Baustad (1759).
I 1758 finn me Anders Tormodsen, 79 år, som folgemann hjå sonen Peder Andersen på Baustad. Han døydde åtte år etter, 87 år gamal. Kona Margreta Pedersdatter døydde 18 år tidlegare, 69 år gamal.
Anders Tormodsen var lagrettemann i 1719 og i 1720.
|