| Notater |
- Bodil og andre mannen hennar Helge var første registrerte brukarar på Ytre Li i 1603,. Garden var øyde i 1563. Ho kan ha budd her med første mannen og kanskje?
Helge og Bodil må ha vore særs trettekjære og uvørne folk. Helge var ikkje lite valdeleg av natur. I 1616 råka han i slagsmål med ein Ola Kjellsen, bror av presten Anders Kjellsen. I 1621 slo han kona til Gunnar Eik frå Sjernarøy.
Same året stakk han Ånon Vik med kniv. Han vart og skulda for å ha overfalt to menn. Presten sjølv stemnde han for slagsmål og skjellsord same året. I 1623 gjorde han opp med futen og gav 16 rd. for framferda si. I 1633 fekk han ei
bot på 5 dalar for leiarmål med Siri Olsdatter. To år seinare vart han tilrådd av futen å te seg høveleg i tilhøvet til grannane Ola Amdal og Jakob Vik. I Tingbøkene frå 1641 står om kona Bodil. Bodil var lite likt på bygda. Både presten, bønder og bondekoner vitna at Bodil i mange år hadde rykte for å vera eit ondt og farleg menneske. Helge sjølv sa at han 'budde med djevelen sjølv'. Ho dreiv han frå sans og samling, sa han til Ola Topnes, så han ville spørja seg for hjå bispen om han kunne verta skild frå henne. Jakob Vik fortalde at ho hadde gnidd seg med altervin i augene. Slik formasteleg misbruk av det heilage sakrament vart eit av dei verste anklagepunkta i denne trolldomsaka.
Domkapitlet i Stavanger slo fast at ho var skuldig i 'gudsbespottelse'. Sorenskrivaren og dei 12 bøndene som sat i lagretten dømde Bodil til å døy på bålet for trolldom.
I trolldomsaka mot Bodil vart det fortalt at ho hadde vore gift med ein prest, var syster til ein prest og dotter til ein prest. Faren Peder Pedersen hadde vore prest i Vikedal.
I Vikedalsboka vert det vist til at Bodil vart halshogd. Både Bodil og søskenbarnet Berit Kristensdatter på Bjelland vart avretta i 1641. Rettssakene mot dei begge vart haldne her på Sønnanå i Vikedal.
Det står meir om dette i Hans Eyvind Næss sin artikkel i Nedstrand kyrkje sitt jubileumsbok 2018, og i boka "Med bål og brann" av Han Eyvind Næss, 1984.
Etter skuldingar frå Kari Espeland skulle det vera tre trollkjerringar i Nedstrand: Bodil Lid, Giske Sørtveit og Anna Musland. Både Giske og Anna vart frikjende, men Bodil og Berit blei straffa. Dei som ikkje hadde støtte blant lokalfolket, kunne tapa rettsaka. Presteparet på Hinderå i Nedstrand skal også ha hatt ein sentral posisjon i rettssakene og ha bidrege til at domane blei strenge (Tysvær gard og ætt bind 6 Nedstrand s. 734 Nils og Maren på Prestgarden på Hinderå).
- Bodil vart brent på bålet i 1641.
|