| Notater |
- Tormod Tormodsen (f.1706) var fødd medan foreldra budde på Indre Nessa, men han vaks truleg opp ein del år og på Store Nessa. Det var mykje kamp om denne garden, mellom anna med arvingar etter Koll-ætta.
Tormod kjøpte Store Nessa bruk 6 i 1744 men Mikkel Olsen gjekk til odelssøksmål og fekk kjøpt garden. Saka vart endeleg avgjort i 1750. Tormod budde ei tid på Øverland truleg hjå broren Ole, etter saka i 1750 før han flytte til Store Nessa. Tormod stemnde salet i 1757 til førre brukaren, Peder Andersen, for retten; han vann saka trass i harde åtak i retten frå andre arvingar av Koll-ætta, særleg Albert Hansen Koll. Store Nessa hadde då to bruk (bruk 1 og 6).
Tormod vart gift 7.7.1750 då han var 44 år med Anniken Hansdatter 26 år. Ho var frå Øverland like ved Nessa. Me kjenner til seks born fødde frå 1751 - 1767. Eit av barna døydde første året. 2 av borna vart ikkje gifte. Av dei siste tre var det eldste guten Tormod Tormodsen (f.1751) som overtok på Store Nessa. Bodil Tormodsdatter (f. 1759) fekk ein gut Valentin Valentinsen som busette seg på Kalsheim, men mange etterkomarar reiste til Amerika. Anna Tormodsdatter (f.1763) vart gift og flytte til Vestbø i Sandeid.
Tormod døydde 76år gamal i 1782, medan Anniken døydde 11 år etter, 69 år gamal.
|