| Notater |
- Me finn Tormod Andersen på Indre Nessa allereie i 1664, då truleg som dreng, då 20 år. Far hans Anders Olsen er død, kona har gifta seg att og stefaren driv garden på Indre Nessa.
I 1666 står Tormod som brukar på garden, då er han om lag 22 år. Ni år etter, i 1675, klagar han saman med søskena at dei ikkje har fått rett arv. Det er stefaren Johannes Svensen som blei stevna. Året etter i 1676 har Tormod kjøpt opp arverettar til søskena, så han får hand om meir rettar på Indre Nessa (kjøpebrev på 28 mrk smør i Indre Nessa er tgl 27.6.1676. Tormod kjøpte av søstera Johanna Andersdatter og stefaren Anders Hansen). Det var mange lause eigardelar som ulike hadde arva. Dette klarte Tormod saman med sonen Anders Tormodsen og samle taket på. Dei eigde heile Indre Nessa i 1715, og når Tormod døydde i 1725, kom heile garden på ei hand, handa til sonen Anders Tormodsen.
Samtidig fekk Tormod Andersen og hand om deler av Store Nessa, men det var mange som prøvde å få tak i rettar til desse Nessa-gardane. Men Tormod Andersen budde der truleg frå 1711 og ei tid frametter. I 1726 døydde han, omkring 82 år gamal.
I 1669 var Tormod Andersen stemnd for leiarmål med Åsa Nilsdatter som var rømt til Bergen. Tormod nekta og ville sverja på at han ikkje hadde noko skuld. Frendane hans baud 3 rd. i soning for han. Farfaren Ola Eriksen vart stemnd for leiarmål i 1611.
I 1706 brukar Tormod 5 1/2 pd smør i Indre Nessa. I 1720 kjøpte Tormod bruk og bustadsrett av Hans Villumson som budde på Strannå (bror av mormora?). I 1723 er det sonen Anders Tormodsen som driv på garden.
Me kjenner til to giftemål for Tormod Andersen. Først då han var om lag 34 år, kring 1678 med Berta Larsdatter (d. 1690). Deretter i 1691, då han var 47 år, med Anna Pedersdatter 21 år frå Store Nessa. Med første kona kjenner me til ein son, Anders Tormodsen f. 1679 som overtok garden på Indre Nessa. Etter andre kona kjenner me til 9 born, fødde mellom 1693 og 1717.
Det er dei to sønene Anders Tormodsen f. 1679 og Tormod Tormodsen f. 1706 som kan førast vidare til Skogøy-familien Jakob og Johanna Skogøy.
Tormod var lagrettemann i mange år frå 1686-1720 (1686, 1688, 1694, 1697-98, 1700, 1719 og 1720).
Tormod var postbode i 1701. Ved skifte eigde Tormod i Store Nessa. og i Indre Nessa.
Namnet Tormod finn me igjen hjå etterkommarane etter Tormod Andersen. Han kan sjølv vera oppkalla etter moras første mann, Tormod Pedersen på Kalsheim. Me finn for eksempel Tormod Sjursen på Hundsnes (1789-1830).
|