| Notater |
- Rasmus Rasmussen er min tippoldefar, morfar til Margit Klingsheim.
Rasmus Rasmussen Odland fekk tre uekte barn før han gifta seg første gongen
- Først Maria Rasmusdatter 13 Januar 1857 med Torborg Maria Nilsdatter (som vart gift med Ådne på Skrettingland)
- Deretter Johanna Rasmusdatter 7 Januar 1864 med Olina Olsdatter (som seinare vart gift med Tormod Endresen Barkved)
- Til sist Rakel Rasmusdatter 12 Februar 1866 med Margreta Mikkelsdatter Madland (fødd 21 Nov 1835 - d 10 Feb 1891 ugift)
Første gang Rasmus gifta seg var han 33 år, i juli 1867 og gifta seg med Herborg Jakobsdatter frå Efjestad. Men Herborg levde kun eit år til til, og døydde i november 1868. Hu fekk ein gut som dei kalla Rasmus, men som døydde som liten.
Gardsbok for Varhaug i Hå kommune oppgir to søner Rasmus som dør unge, men Herborg kan ikkje vera mor til meir enn ein Rasmus, ho døydde i november 1868. Sonen Rasmus 1/2 år, døydde like etter. Den neste Rasmus er son til neste kone. På same tida som då kona og sonen døyr, ser det ut for at faren, Rasmus Rasmussen ca 34 år, flytter ut av soknet til Stavanger (Varhaug Ministerialbok 1855-1878, side 328).
- Rasmus 1868-1868: Drengebarn Rasmus Rasmussen Odland f. 28 juni 1868 dpt 19. juli 1868 - d 31 des 1868, grl 8 januar 1869, 1/2 år gammel - (Varhaug Ministerialbok, www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000004548401, side 77 og )
Fadrar ved dåpen til Rasmus i 1868 (ikkje heimedøypt): Laurentse Pedersdatter Heim, Anne Birthe Paulsdtr Årvigs..dal, Osmund Rasmussen Bratland, Peder Pedersen Harr, Johannes Olsen Høien
- Rasmus 1870-1871: Drengebarn Rasmus Rasmussen Odland, f. 26 august 1870 - d. 3 november 1871, grl xx desember 1871 - son til Rasmus Rasmussen ... og Helene Rasmusdatter Odland, gift 1870 (Varhaug klokkerbok side 90 og 230, www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000005834354)
Som enkemann på Odland gifta Rasmus seg så 2 år seinare med Elen Helena Husveg i 1870, dotter til Rasmus Abrahamsen (Husveg?). Han er 37 år og ho er 24 år. Elen Helena er mi tippoldemor.
Rasmus kjøpte garden på Odland i 1869. Halve farsgarden for 250 dalar + folge. Andre halvparten kjøpte den eldre broren Sivert Rasmussen. Allereie i 1872 selger Rasmus sin halvpart til broren Peder Rasmussen (men som igjen selger garden ut av familien i 1876).
Rasmus og Elen Helena får så truleg fem born saman: Rebekka i 1875, Reinert i 1876, deretter Helmik, Anna, og Hans
I 1875 budde Rasmus Rasmussen på Karmøy og Elen Helena på Sandnes. I kirkeboka ved datterens dåp i 1875 står det at Rasmus for tiden bor i Haugesund (Hoiland kirkebok).
I folketellinga i 1875, som truleg er seinere på året, finn me Rasmus og Elen Helena i Stavanger med dattera Rebekka Hammer Rasmusdatter. Rasmus er oppgitt som handelsmann (www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052234012847).
I 1876 tar Rasmus R Odland båten til Amerika. Den norske Amerikalinje. Fra Bergen 12 Jun 1876. Han er den einaste fra Stavanger eg finn på denne reisedatoen, så kona Elen Helena og dattera Rebekka var nok att på Odland. Ho var 7 månader på vei og fekk sonen Reinert rett etter, 2 august 1876.
Ved dåpen til Reinert i St. Petri kyrkja i Stavanger står det ingenting i kyrkjeboka om at faren Rasmus har emigrert. Far er Rasmus Rasmussen Odland. Fadrar er: Grete Gudmestad, Malene Varhaug, Severine Tønnesen, Andreas Malde, Hans Jakob Hansen og Lars Vold. Kanskje Elen Helena nå bur i Stavanger.
- referanse: Bergen Politidistrikt, Emigrasjonsprotokoller, nr. 1-23: Emigranter over Bergen 1874-1930 https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000659197).
Utreiseprotokollar i Stavanger er mangelfulle, men der finn me ei utreise i 1875, Der Rasmus R (id 16036) reiser saman med Elen Helena (id 16037) og dei tre minste borna Helmik (id 16038), Hans (id 16039), og Anna (id 16040). Dette er truleg ikkje rett. Rasmus reiste i 1876, og ei tid seinare reiste dei truleg saman til Amerika.
I Ministerialbok for Varhaug er Elen Helena Rasmusdatter Odland ("Elen Rasmusdatter Husveg, Rasmus Odlands kone, attest av 28 sep 1878") oppgitt å flytte frå soknet til Sandnes hausten 1877.
Dei kom saman att før dei reiste til Amerika, og tok med seg tre av borna. Han kom åleine heim att og budde hjå skyldfolk på Odland.
Elen Helena døydde nok i Amerika (1917 ??). Har ikkje funne noko meir om henne og dei tre siste borna, eller sonen Reinert.
Merkelig treff: Helmik døypt i St. Petri 29 juni 1879. Mor Elen Rasmusdatter Odland, fødd same år som Elen Helena Rasmusdatter Odland - 1846: Må etter alt å sjå vera ein annan Helmik
- www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000023797741
I 1920 finn me Rasmus Rasmussen Odland, 87 år, på bruk nr 12 på Odland. Han er registrert som enkemann, så kona Elen Helena må truleg vera død. Rasmus Rasmussen bur saman med nevøen Rasmus S Odland 67 år som er gårdbruker på dette bruket, og niese Rakel S Odland 64 år, ugift, som er husholderske. Rasmus R var ikkje her på Odland bruk 12 i 1910, men dei to andre - Rasmus S Odland og Rakel Sivertsdatter Odland.
I 1924 får Dalenes Folkemuseum en gave fra Rasmus Odland Varhaug, et stoff, registrert som gave nummer 2419 (Egersundsposten fredag 10 juli 1925). Kan vera gamle Rasmus her - 90 år gamal, men og ein annan og yngre Rasmus Odland?
Gravstein på Hå med namnet Rasmus R Odland, f 1837 - d. 1924. Kan vera min tippoldefar som var fødd i 1833..? (Bilete: 2024_1401_Rasmus_R_Odland_1837_1924_gravstein_Haa.jpg)
- Kun ein Rasmus som er fødd på Varhaug i 1837: f. 21. august 1837, døypt 27 august 1837. Far: Gunder Tollefsen Rangen under Diøseland, Mor: Elen Rasmusdatter.
- Har ikkje funne kyrkjebøker på Varhaug etter 1924.
|