| Notater |
- Ola var nemnd på garden Ytre Amdal i skattelistene allereie i 1627. Ola var lagrettemann 1641, 1652, 1654, 1663, 1666, 1670. Ved skifte etter Inger 1686 åtte buet 3 vetter korn i Ytre Amdal og 1 vett i Steinsvik.
Elles vart Ola Knutsen på Ytre Amdal stemnd av Erik Knutsen (f. 1660). Erik som var i familie med kona Inger Eriksdatter frå Hundsnes, meinte han hadde rett på garden på Ytre Amdal. Erik hadde vokst opp på Årvik, men arva halve garden på Ytre Amdal, og meinte difor han hadde rett på å overta garden. Difor overtok ikkje nokre av borna til Ola Knutsen og Inger Eriksdatter på Ytre Amdal. Erik Knutsen.
Erik Knutsen som overtok garden opplevde ei av dei største fsamilietragediene i Tysvær igamal tid. To døtre av Erik vart med born og drap borna. Begge vart dømd til dødsdom, Sissel Eriksdatter i 1723, og Mette Eriksdatter i 1730.
|