| Notater |
- Annik vart gravid med Tormod Toresen som vaks opp på Vargarvik bak Tveitåsen, bruk 2 på Prestegarden Hinderå (dette var tidlegare husmannsplass under Tveit) og dei fekk dottera Inga i 1900. Annik var då 26 og Tormod var 23. Det kan sjå ut som Annik rota seg bort i feil kar. Faren til Tormod, Tore Tormodsen på Vargarvik hadde i 1884 fått barn med si eiga stedotter. Kona til Tore Tormodsen var Berta Karine Kjetilsdatter. Berta hadde to barn med sin første mann på Vargarvik: Margreta Gunelia Jakobsdatter f. 1862 og Anders Jakobsen f.1865. Så fekk ho to barn med Tore Tormodsen, 3) Berta Jakobine f. 1875 og 4) Tormod f.1877. Og så gjekk altså mannen Tore hen og vart gravid med si eiga stedotter Margreta Gunelia Jakobsdatter på 21/22 år. Når Annik kom i denne klemma, å verta gravid utan å vera gift eller trulova vart ho truleg ikkje straffa med halsjern utanfor Hinderå kyrkje,men noko ein gjerne vart i tidlegare tider.
2 år å ha fått ei dotter miste ho allereie dottera - Inga (d. 17 Aug 1902). Med denne starten på livet kan ein godt forstå at reise til Amerika frista for å prøve seg på nytt.
Og ikkje nok med dette. To eller tre av brødrene hennar; Tormod, Edvard og Ola, skal ha drukna kring denne tida. broren Tormod f. 1878, drukna i Atlanterhavet 1901 22/23 år gamal. Edvard, utanriksfart som 19 åring i 1900, visstnok drukna, og broren Ola f. 1883, drukna i Nordsjøen 1903, 19/20 år gamal.
Som datter i ein søskenflokk på 8 pluss 3 barn var det nok ikkje bare bare å vakse opp på Kollevågen husmanssplass under Leiranger (sjølv om plassen kanskje var oppkalla etter den gamle Koll-ætta).
Ei anna Annik Oftedal f. 1874 - Fødd i Stavanger
Annik Andrea Oftedal fosterdatter hos John og Maren Christine Beiersen - Stavanger Kaugstensgaden (Folketelling 1891, https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052915018055)
Får dattera Annik døpt 17 Apr 1898 i Stavanger Domkirke. Far er skipsmaskinist Jens Jensen. Mor Annik er fadder sammen med tre stk Jensen. Bosted Løkkeveien.
I 1909 finn med ei Anik som får eit dødfødt barn og far er maskinist Jens Jensen . Bosted Cort Adelersgd. 9. Registrert i Stavanger Domkirke - kan det være Annik her? (Ministerialbok for Stavanger prestegjeld, Domkirken sokn 1903-1915, https://www.digitalarkivet.no/view/273/pq00000000092838)
I folketelling 1900 finn me dei i Langgaden i Stavanger, https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037252028235
Jens Jensen og Annik då med navn Jensen. To barn Milrid Jensen f. 1895 og Annik Jensen f. 1897.
|