| Notater |
- Etter mange år som ungkar på Klungtveit fekk Abraham seg attest og reiste 31 år gamal til Amerika i 1870. Men han kom attende i 1876.
Abraham gifta seg med Dorte i 1878. Han var då 40 år. DorteSofia var 19 år. Han var frå Klungtveit, yngst av seks born på bruk 1 på Klungtveit. Ho var og frå Klungtveit bruk 3.
Abraham fekk kjøpt gard på Skorpe i 1878 for 2.400 kr i tillegg til folge til førre brukar. Skøyte er tinglyst 22 Mai 1878. Men her var dei berre eit par år.
Eit år etter bryllaupet får dei guten Andreas, 7. juni 1879.
To år etterpå reiser dei til Amerika, der mange andre frå Tysvær og Nedstrand og har reist, særleg frå Klungtveit.
I 1881 reiste Abraham 43 år, Dorte 22 år og Andreas 1 1/2 år. Faren til Abraham på Klungtveit hadde døydd året før (Abraham Andersen døydde 89 år i 1880).
Dei reiser til Iowa/Minnesota og i 1882 får dei ein son Daniel, som seinare tar namnet Daniel O Helvig. Men då vert det dramatisk..
Så er det noko som truleg må vera eit anna par Abraham og Dorte?:
I 1885 får Abraham og Dorte ei datter Agnes, men ho blir berre 2 år. Det står regisrert fødd i Noreg, men dette kan kanksje vera feil? Elles må Dorte ha vore heime i Noreg ein tur kring 1885, men eg finn ingen Agnes Abrahamsen registrert fødd i Rogaland 1885-1887. (Ei Agnis Andreassen f. 1885 i Stavanger er ei muleg jente som eg ikkje finn seinare i Stavanger - 1885 saman med 12 andre rogalendingar, Rode 9, bostedsnr 1513, gårdsnr 1336 - Digitalarkivet)
Så i 1887 døyr Agnes Abrahamson 2 år gamal i Minneapolis (2202 Riverside Ave. S,)
I 1883 døyr kona til Abraham, Dorte Sofie. Eg finn ikkje noko gravplass eller registrering, men i minne etter sonen Andreas/Andrew er det vist til at ho døyr når han er 3 år, berre nokre veker etter at ho har fødd Daniel som tar namnet Daniel Helvig. Dette er og nemnd i boka Nerstrandslaget (side 11).
Abraham. Han velger igjen på reisa heim til Noreg. Men andre overtar ansvaret for borna. Han reiser kanskje med ein gong i 1883 (45 år gamal), eller nokre år etterpå?
Andreas/Andrew veks opp hjå Thomas Enes, aust for Roland i Howard Township, Story County, Iowa. Han gifter seg seinare med Anne Peterson frå Ames, Iowa
Daniel veks opp hjå Knud Selvig vest for Roland. Daniel gifter seg med ei dotter til Dan Twait - Hanna Twait,
12 år etterpå vert han far på nytt, i 1895, 57 år gamal. Mor er enkja Eli Serina Olsdatter heime på Nedstrand, på Espevik. Men sonen, Syvert Abrahamsen, døyr etter to veker. f. 27. nov 1895, døypt 3 des 1895, døydde 3 des 1895 og gravlagd 10 des 1895 (men ikke jordfestet før 4 sep 1896, 10 månader seinare?)
Eli Serina Olsdatter var fødd på Espevik i Nedstrand, Espevikbakken husmannsplass 27. juni 1864. Først gift med ein enkemann Nils Pedersen Selhammar/Alstveit 4. juni 1883 på husmannsplassen Selhammar under Astveit i Nedstrand.
Han døyr fem år etter og dei har ikkje born saman.
Så vert enka Eli Serina og enkemannen Abraham så med barn i 1895 - Syvert døyr etter to veker. Me veit ikkje kor Abraham då bur, på Espevik? På Klungtveit? Eller annan stad. Dei vert ikkje gift
Eli Serina vert så gift med Jakob Olsen Kreppene på husmannsplassen Langemyr under Espevik 10. mars 1897 og dei får ein son Ola Andreas Jakobson f. 27. juni 1897.
Abraham lever så i 14 år til, truleg her i Tysvær. I 1900 er det nok han me finn (Abraham Klungtvedt f. 1840) på garden Ytre Amdal, husmannsplassen Narravik (Skjeljavik) som gardsarbeider hjå Tjæran Nilsen 80 år og Åsa Johansdatter 66 år og sonen Tjæran Tjæransen 30 år. Det er vist til at han eigentleg held til på Silgjerd, men er her midlertidig (Gunder Danielsen 53 år frå Klungtveit har bruk 1 på Silgjerd i 1900).
Når han døyr i 1909, 70 år gamal som fattiglem har han bopel på Smørdal. Kanskje hjå enka etter Johannes Osmundsen, Severine Olsdatter 39 år i 1909 som var enke (og fattiglem på husmannsplass Smørdalshagen på Smørdal. Mange søsken av Johannes hadde reist til Amerika. Eller hjå Ola Kolbeinsen 37 år og Torborg Olsdatter 22 år og deira tre born på Smørdal bruk 1).
Dorte Sofia Abrahamson, eller som omtala i Nerstrandslaget Sofie Nilsdatter finn eg ikkje gravplasen til. I Nerstrandslaget visewr dei til ein satd i Red River dalen i Minnesota. Dette kan vera like ved Duluth, St. Louis County.
Ein Thomas Enes. 1920. Lafayette Township, Story County, Iowa. Emigrert frå Noreg 1866. 75 år (f. 1845 i Norge). Kone Isabel/Isetal Enes 73 år (f. 1847 i Norge), emigrert fra Norge 1870.
- https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RXQ-P7Y?i=11&cc=1488411
Roland ligger 10 km fra Story City i Story County!
Ein annan aktuell Thomas Enes f. 1834 - d. 1899 (Roland Cemetery). Men han er død før Andreas blir overtatt så utgår som alternativ:
- https://www.findagrave.com/memorial/119861230/thomas-enes
Ein Thomas Enes f. ca 1889!? Folketelling 1905 (https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:23BG-ZBQ)
- Iowa folketelling 1905. 16 år gammel ugift . Bosted: Story, Iowa, USA. Far født i Norge. Mor født i Illinois.
- Folketelling 1910 (https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M9LV-GWF): Howard Township, Roland town, Story County, Iowa. Foreldre: Johannes Enes 44 år og Julia J Enes 45 år (gift ca 1887). Med søsken Thomas 12 år, Alfred 5 år, og Anna 3 år. (Mor Julia = Findagrave Memorial ID 119621479)
Bedriftsregister 1892 (1749 - 1990):
- Thomas Enes. Bosted: Roland, Story County, Iowa. Iowa Famers Directory (https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:68HY-2J2R)
Findagrave: Thomas Eness 1844-1924. (https://www.findagrave.com/memorial/112962638/thomas-jacobson-eness). Kone Ingeborg Peterson Eness
Ein annan Thomas Eness f. 1867. Bosted 1870: Buffalo Township, Ogle County, Illinois. Far fra Irland Thomas Eness f 1838 i Irland.
|