| Notater |
- Clarence veks opp i Serena, LaSalle County i Illinois, like ved den første norske kolonien ved Fox River, litt nord for Ottawa. Han er ein av sju born.
Han er som ung, soldat i den første verdskrigen. På gravsteinen står det "PLAT SGT US ARMY, WORLD WAR I". Krigen var frå 1914 til 1918.
Rett etter krigen 20. septemebr 1919 giftar Clarence og Florence Erickson seg. Florence er frå Dayton i LaSalle, 15 km sør for Serena.
Clarence og Florence får tre born saman, Roberta (1921), Stanley (1928) og Roderick (1930).
I 1920 finn me dei i Mission Township i LaSalle. I 1930 finn me dei med to born i Moline, Rock Island i Illinois. Roberta J er 8 år og Stanley E er 1 år og 8 månader.
I 1940 veit eg ikkje kor Clarence held til. Men Florence må i første halvdel av 1930-åra gifta seg på nytt. I 1940 finn me henne med ny familie i Mission Township, LaSalle
I 1940 består familien i Miller Township, LaSalle av Florence og mannen Floyd Erickson frå LaSalle, deira fire barn, og to av borna til Florence frå forrige ekteskap.
- Floyd Erickson 45 år
- Florence Erickson 42 år
- Marilyn Erickson 5 år
- Joseph M Erickson 4 år
- Florene Erickson 2 år
- Harry L Erickson 11 månader
- Stanley Twait 11 år
- Roderick Twait 9 år
- George Lee, 70år (hired hand/arbeidshjelp)
Roberta Jane Twait på 19 år er ikkje heime.
Etter dette finn eg ikkje noko om Clarence før han døyr i 1981, gravlagd i Fox River Cemetery i LaSalle.
Florence og borna finn eg mykje meir om.
Florence vert enke to år etter folketellinga i 1940, 31 desember 1942.
Fem år seinare, i 1947, giftar Florence seg på nytt, med Marvin Charles Østrem som og er enkemann, også frå LaSalle County (Freedom / Ophir Township).
Florence har då tre barn frå første ekteskapet:. Roberta Jane Twait (f.1921), Stanley Twait (f.1928) og Roderick Twait (f.1930)
Frå andre ekteskap har ho ihvertfall fire born: Marilyn Erickson (f. 1935), Joseph M Erickson (f. 1936), Florene Erickson (f.1938), Harry L Erickson (f.1939)
Marvin hadde ikkje barn frå første ekteskap.
Marvin og Florence er sjølve 49 og 48 år, men dei får altså 30 år saman i LaSalle i Illinois.
Marvin hadde vore gift 1929 - 1941 med Edit Louise Godemann (1904 - 1941). Kona Eith Louise døydde berre 36/37 år gamal i 16. juni 1941.
Marvin og Edith Louise gifta seg 7 Mars 1929 (familysearch.org/tree/person/details/LXQZ-KRH)
- Dei er farmers i Freedom Township, LaSalle i 1930: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9R4G-DL1?i=5&cc=1810731&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AXSB6-HFY
www.findagrave.com/memorial/158015599/edith-louise-ostrem
|