Notater |
- Dorte Karine fødd i 1874 er oppkalla etter si farmor Dorte og vaks opp på Kallakodt. Det er kanskje på slutten av livet ho bare har nytta namnet Karine som står på gravsteinen?
Som 20-åring fekk Dorte Karine barn som ugift, Tomine Gurine Kallakodt som vart døypt i 1894. Far var Ole Andreas Nilsen Sætre Hesjadal. Året før hadd Ole Andreas blitt far til tvillinger med Marte Helene Fransdatter Brekke, og ved dåpen til Tomine Gurine, var han reist til Amerika, og då gift med Elisabet..... Så ikkje mykje støtte frå barnefaren der nei.
Første ekteskap 1896-1898
Dorte Karine gifte seg i 1896 med Rasmus Severin frå Evje ved Hervik. Begge hadde born før ekteskap. Dorte hadde Tomine Gurine som vaks opp hjå besteforeldra på Kallakodt. Rasmus Severin hadde ein son med Elen Sofie Kristensdatter Hersdal, sonen Nils Berdines Evje, fødd 11 Juli 1895, døypt 28 Juli 1895 i Tysvær kyrkje. I kyrkjeboka står det Rasmus Severin er anmeldt av moras far folgemand Kristen Kristensen Hersdal.
Rasmus Severin hadde kjøpt garden på Evje (bruk 4) i 1894 for 2.550 kr. Dorte Karine kjende til forrige eigaren på Evje. Anne Serine Nilsdatter Sætra var tante til barnet hennar Tomine. Anne Serine var søstera til Ole Andreas som hadd rømd til Amerika. Anne Serine som då altså var tante til Tomine Gurine (f. 1894), blei enke i 1891 her på Evje bruk 3, gifte seg att i 1893, og flytta med ny mann til Nordre Åsen. Rasmus som var kjøparen av garden på Evje i 1894, er det så Dorte Karine frå Kallakodt gifter seg med i 1896. Dorte Karine og Rasmus Severin fekk Thomas i 1898, same året døyr ektemannen Rasmus Severin 21. Aug 1898 34 år gamal. Dorte Karine er enke på Evje 24 år gamal (Skifter: Attest fra Skiftesretter af 1899-02-22. Attest for ?? af 1899-03-17). Allereie i folketellinga i 1900 finn me Dortea Karine flytta frå Evje. Me finn henne i Vikedal med ny ektemann, så ho forlet bruket på Evje raskt. Evje bruk 3 vart kjøpt ved auksjon i 1910 som kan ha gitt nokre pengar til Dortea og Tollef som då er på Skeie i Sandeid. Likevel var det nok ein tungt dreve gård. Dei to eldste borna etter nestre bruker Knut Bendik Johnsen enmigrerer begge til Amerika.
Andre ekteskap 1899-1902
Dorte Karine gifter seg alt 7 månader etter mannen Rasmus døyr på Evje. Ekteskapet varer berre i tre år
18. mars 1899, gifter "Dorthea Karine Knutsdatter" seg med hustømmermann Sjur Bjørnsen Espevold ca 20 år, i Tysvær kirke.
Ved bryllupet er det to frå Evje som er forlovere, Ole T Evje og Ole A. K. Evje (broren til Sjur, Jørgen Bjørnsen er gift og bur på Rabben, nabogarden til Evje i Tysvær, så forloverane er truleg felles kjente). Ingen i Dorte sin familie er forlovarar. Fedrene deira er gårdbrukar Knut Danielsen Kallekodt, og murar Bjørn Tollefsen Espevold.
Sjur har ei datter Berta frå tidlegare:
Litt om Sjur, før han og Dortea Karine gifter seg. Me finn Syvert Bjørnsen Espevold som konfirmant 25. september 1887, og denne konfirmasjonsdato er oppgitt ved bryllupet i 1899 så det er same mann som Sjur. I 1891 finn me ikkje Syvert/Sjur hjå foreldra i Vikedal (Hammeren bruk 2). Han er då truleg 18 år, kanskje ute i teneste?
I 1897 finn me Syvert igjen. 23 år gamal er han blitt far, men ikkje gift. Dattera Berta Syvertsdatter Espevold fødd 3. februar 1897, vert døypt 16. mai 1897. Mor er pike Marta Halvorsdatter Tagstenen f. 1868, fire år eldre enn Syvert. Dei bur på Lilleland (Vikedal?).
- Tre år seinare, i folketellinga 1900, finn me jenta Berta Syvertsdatter som pleiebarn hjå Halvor Olsen 65 år, kona Marta Tjerandsdatter 70 år, ugift datter Marta 31 år, ugift son Tjerand 28 år på Lilleland bruk 3. Så mange som har kunnet passe godt på henne der må vi håpe.
- og ja 13 år seinare i 1910, finn me Berta Syvertsdatter framleis med familien i Vikedal (Takstein = Lilleland?). No er det Tjerand Halvorsen Lilleland 38 år som har blitt husbonde, gift på prestens kontor 6. feb 1910 med kona Sofie Nilsdatter 21 år, dei har akkurat fått ein son Halvor Tjerandsen (f. 27.feb 1910). Berta 13 år hjelper nok nå til i heimen (endra fødselsdato med eit år i folketelllinga 1910).Tjerand og Sofie får etter dette mange born å oppdra på Takstein/Lilleland.
- Berta finn me igjen i 1920. Budeie Berta Lilleland 23 år, ugift budeie bur hjå Jakob Olsen Strandnes 65 år og Berta Tjerandsen Strandnes 56 år i Vikedal.
Sjur/Syvert og Dorte Karine var gift i berre tre år.
I folketellinga i 1900 finn me Sjur og Dortea på på Skeistræ, på Skeie bruk 1, i Vikedal (ein husmannsplass?). Sjur Bjørnsen 27 år registrert som "sygelig". Dortea er 26 år. Dei har sådd poteter og korn, og har sauer og kyr.
Me kjenner til to born, men sonen Severin Kornelius Bjørnsen døyr før han er eit år i 1900 (f. 2 Jan d. 9 Jun). Tømmermann Sjur Bjørnsen Skeie oppgitt som pårørande. Dattera Severine, truleg oppkalla etter broren, er fødd 11. juni 1902. Så døyr faren Sjur allereie 15. februar 1902, før dottera er fødd.
Så vert då Dorte Karine åleine att, medt tre born. Enke for andre gong, 28 år gamal. Har borna:
- Guri Thomine som veks opp hjå mormora Anik på Kallekodt.
- Thomas som mista faren Rasmus før han er eit år.
- Severine som mista faren før ho var fødd.
Då bur ho kanskje på Skeie vidare og får hjelp med hus og heim, her har ho sin siste svigerfamilie, og truleg nokre av dei fem søskena til Sjur hjelper til. Det ser ihvertfall ut for den eldre broren til Sjur, Tollef Bjørnsen hjelper til etterkvart.
Tollef er bonde på Fatland i Vikedal, med kona Ingeborg Helgesdatter, og fleire born; Helge Olaj f. 8 Okt 1890, Gunnar f 30 Sep 1894, Aasta f. 8 Juli 1898.
MEN, i 1900 ser det ut for Tollef har rømd frå familieansvaret. I folkeregisteret 1900 finn me han bur som gift mann saman med ei 15 år eldre dame frå Sauda. Tolleiv er 35 år gamal husmand, stenarbeide, skytter (murer er skrevet og strøket over). Guri Svandal er 50 år, dagarbeiderske med jordbruk.
Sonen Gunnar Tollefsen finn me, i forpleining for farens regning, hjå Bjørn Bjørnsen 31 år som er ugift gårdbruker på Langeland (Førland) i Vikedal. I huset bur foreldra Bjørn Olsen og Magla Arntsdatter som har folge 78 og 76 år gamle, ei skredderske Martha Bjørnsdatter 42 år, tjenestejente Magla Bjørnsdatter 48 år, og då Gunnar på 6 år.
Truleg etter mykje om og men, får Tollef skilsmisse med Ingeborg Katrine Helgesdatter i 1906 med kongeleg resolusjon! Han har fått eit barn med svigerinna si året før, svigerinna er enke etter at mannen Sjur Bjørnsen døyde i 1902.
Ingeborg hadde utvandra til USA hausten 1902. Det kom brev frå henne etter at ho var framme i Amerika, men i 1906 hadde ingen høyrt frå henne på fleire år. Ein rekna likevel i 1906 med at ho framleis budde hjå slektningar i USA.
Borna til Tollef og Ingeborg hadde blitt sett bort til fosterforeldre alt før ho emigrerte. I folketellinga i 1900 finn me Ingeborg Katrine som tjenestejente (gift!) hjå Otto Reimers på Førland i Vikedal.
Tredje ekteskap 1906-1920+:
Så før Dorte gifter seg at får ho i 1905 så ei datter Kamilla med Tollef Bjørnsen. Tollef er bror til forrige mannen hennar som døydde i 1902.
Dei gifter seg eit år etter, i Stavanger Domkirke 14 Des 1906, kanskje på kirkekontoret ("dobl...." står det istadenfor "i kirken"). Tollef Bjørnsen er 41 år (f.1865) og Dortea Karine Knudsdatter Skeie er 30 år (f.1874).
Karine er no allereie mor til fem born, ein son er død. To av borna har ho fått utanfor ekteskapet. Eldste dottera veks opp hjå mormora Anik på Kallekodt. Karine skal få fem born til her på Skeie.
I folketellinga 1910 finn me Tollev og Karine med fire born på Skeie bruk 1 (Skeistre). Eldste dottera Sevrine er då Karine si frå forrige ektskap med broren Sjur.
- Tolleiv Skeistræ, 1865-06-28, Gaardbruger og graastensmurer
- Karine Skeistræ, 1875-12-11, Gaardmandskone
- Sevrine Skeistræ, 1902-06-11, Datter
- Kammilla Skeistræ, 1905-07-22, Datter
- Rasmus Skeistræ, 1907-05-20, Søn
- Andreas Skeistræ, 1909-09-29, Søn
Alle født i Vikedal utanom Karine fødd i Tysvær
Folketelling 1920:
Så finn me familien framleis på Skeie bruk 1 (Skeistre) i Vikedal i 1920, nå med 5 born, alle fødd i Vikedal. Dottera Sevrine 18 år finn me ikkje heime:
Gårdbruker Tollef Bjørnsen 1856-06-25, og kone Dorthea Karine Knutsen 1875-12-12
- Kamilla Tollevsen, 1905-07-22, ug, Husarbeid hjemme
- Rasmus Tollevsen, 1907-05-20
- Andreas Tollevsen, 1909-09-29
- Thea Karoline Tollevsen, 1911-12-05
- Tomas Tollevsen, 1914-03-11
I 1922 er Dorte og Tollef kanskje i Stavanger Domkirke, når dottera Severine gifter seg med Oscar Tilly Frantzen. - Domkirken i Stavanger, 25. februar 1922. Severine Bjørnsen Skeie og Oscar Tilly Frantzen frå Stavanger f. 1901. Om brudgommen: Postbud, bosted Møllegaten 78. Om bruden: Tjener, bosted Olafsklev 14 Stavanger (2022: Olavskleivå). Brudgommens far: Butikkbetjent Oskar Frantzen. Brudens far: Syvert Bjørnsen Skeie.
I 1925 er Dorte og Tollef faddere ved barnbarns dåp, sønnen Dagfinn Kåre Skeie som Kamilla fikk før huo var gift, med sjømann Erik Albregtsen Aubø...
Annet:
- I 1923 finn me ein Syvert Espevold f.1904 som utvandrar til Amerika med reisemål Iowa, frå Stavanger, bosted Tysvær (utvandrarregister i Stavanger er veldig usikkert!). Er truleg son til Syvert/Sjur sin bror Jørgen Espevold? Karine er i tilefelle tanten hans.
(https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000381415). Finn denne Syvert f. 14. februar 1904 som dør i 1924 i Norge. "gårdsarbeider Syvert Jørgensen Espevold, f. 14. februar 1904, fødested: Evjerabben (sjå eventuelt om Jørgen og familie her: www.geni.com/people/J%C3%B8rgen-Espevoll/6000000077489571297)
|