| Notater |
- Lars og Anna Kristine er ikkje i slekt med nokre av dei andre med namnet Klingsheim.
Det var Kristine som overtok dette bruket. Ho var tenestejente hjå Tolleiv Ellingsen og Abel Tonette Nilsdatter som ikkje hadde arvingar, og ho fekk skøyte etter dei. Tolleiv døydde 1894, og Abel Tonette i 1905. Kristine gifter seg i 1895 med Lars Mandius Gunnarsen frå Sømme, og dei har då truleg overtatt bruket rundt denne tida. Kristine kom frå Viste på Randaberg.
Lars Mandius var nr ni i ein søskenflokk på ti (pluss tre søsken som døydde som barn), så det var nok ikkje så aktuelt å få seg noko jord på Sømme.
Dei fekk to born. Eldste dottera Tine vart gift med Ingvald Torgersen frå Vigdel. Dotter nr to levde kun ein dag (23. mai - 24. mai 1898).
19. juli 1908 finn me Lars M Klingsheim og Kristine Klingsheim som faddere til Tilla, datter av Kittel Johannesen og Berta Andreasdatter på Lilleland (www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006738917)
|